Gje pengegåve og støtt KDE
Hjelp oss laga programvare som gjev deg full fridom og tek vare på personvernet ditt – og til å delta i eit fantastisk fellesskap
Sponsorprogram for enkeltpersonar
Vis at du set pris på KDE ved å gje 100 € årleg! Du vert invitert til å vera til stade ved årsmøtet til KDE e.V. og får regelmessige rapportar om kva KDE gjer.
Lær meirSponsorprogram for verksemder
Arbeider du i ei verksemd som ønskjer å støtta utviklinga av KDE-programvare? Verksemda kan då både bidra til utvikling av fri programvare og få logoen sin vist på KDE-nettsida og i trykt marknadsføringsmateriell.
Lær meirKva brukar me pengane til?
Pengegåvene dykkar finansierer blant anna lønn for tilsette og eksterne leverandørar. Desse inngår i det større KDE-fellesskapet vårt, som utviklar, dokumenterer og promoterer KDE-programvare. Me brukar òg pengar på konferansar og utviklingssprintar, teknisk infrastruktur og juridiske kostnadar ved å forsvara fri programvare.
Støtt eit engasjert fellesskap
Me har utvikla ei lang rekkje program for kommunikasjon, arbeid, læring og underhaldning. Me fokuserer på nyskapande løysingar på både gamle og nye problem, og me ønskjer å skapa eit levande og ope miljø for eksperimentering.
Om KDE e.V.
KDE e.V. er den ideelle organisasjonen som står bak KDE-fellesskapet. Han er registrert i Tyskland, og pengegåver gjev derfor skattefrådrag der. Viss du bur i eit anna EU-land, kan det òg vera du kan få skattefrådrag. Ta kontakt med skatterådgjevaren din om du treng meir informasjon om dette.
Utstyr og tenester
Du kan òg donera utstyr og tenester til KDE. Me har ei oversikt over organisasjonar med større bidrag.