KDE Plasma 6.7.2, feilrettingsutgåve for juni
KDE gjev i dag ut ei feilrettingsoppdatering til KDE Plasma 6, med versjonsnummer 6.7.2.
Plasma 6.7 vart gjeven ut juni 2026, med mange forbetringar og nye modular for å gjera brukaropplevinga meir komplett.
Denne utgåva inneheld om lag ei vekes arbeid med omsetjingar og rettingar frå KDE-bidragsytarane. Feilrettingane er vanlegvis små, men viktige, og omfattar blant anna:
Vis fullstendig endringsoversiktLive-diskbilete
Den lettaste måten å prøva ut Plasma på er via eit live-diskbilete køyrt frå ein USB-disk. Men Docker-bilete er òg ein rask og enkel måte.
Last ned live-diskbilete med Plasma Last ned Docker-bilete med PlasmaNedlasting av pakkar
Distribusjonar har laga – eller er i ferd med å laga – pakkane nemnde på wiki-sida vår.
Merk at programpakkane frå denne utgåva kanskje ikkje er tilgjengelege i alle distroar enno.
Wiki-sida for pakkenedlastingNedlasting av kjeldekode
Du kan installera Plasma direkte frå kjeldekoden.
Oppskrift på programkompilering Infoside for kjeldekodenTilbakemelding
Du kan gje tilbakemelding og verta oppdatert via kanalane våre på sosiale medium:
Diskuter Plasma i KDE-brukarforuma.
Du kan gje tilbakemelding direkte til utviklarane via Matrix-kanalen #Plasma, e-postlista Plasma-devel eller ved å melda frå om feil på Bugzilla. Viss du set pris på arbeidet Plasma-gruppa gjer, sei gjerne ifrå!
Me set stor pris på tilbakemeldingane dine.
Støtt KDE
KDE er eit fri programvare-fellesskap som berre er til og kan veksa med hjelp frå dei mange frivillige som gjev av både fritid og arbeidsinnsats. Nye frivillige er alltid velkomne, og du kan bidra ved for eksempel å programmera, melda inn eller retta feil, skriva hjelpetekstar, omsetja eller promotera programma – eller ved å gje pengegåver. Me set stor pris på alle bidrag. Sjå sida Støtte KDE for meir informasjon, eller vert støttemedlem til KDE e.V. via medlemsprogrammet vårt.
Om KDE
KDE er ei internasjonal teknologigruppe som utviklar fri programvare for datamaskiner og mobiltelefonar. KDE har blant anna laga eit moderne skrivebordssystem for Linux og UNIX, kontor- og gruppevareprogram og fleire hundre andre program for blant anna Internett, multimedia, underhaldning, utdanning, grafikk og programmering. KDE-programma er omsette til meir enn 60 språk og er utforma for å vera lette å bruka og tilgjengelege for alle. Dei kan køyrast på både Linux, BSD, Windows, Haiku og macOS.
Varemerke.
Logoane til KDE® og K Desktop Environment® er registrerte varemerke tilhøyrande KDE e.V.
Linux er eit registrert varemerke tilhøyrande Linus Torvalds. UNIX er eit registrert varemerke tilhøyrande The Open Group i USA og andre land.
Alle andre varemerke og opphavsrettar refererte til i denne kunngjeringa, tilhøyrer deira respektive eigarar.
Pressekontaktar
Send oss ein e-post dersom du treng meir informasjon: press@kde.org