Plasma
Neste generasjons skrivebord for Linux
KDE-program
Kraftfulle – og laga for fleire plattformer og alle menneske
Bruk KDE-programma til å surfa på nettet, halda kontakten med vennar, familie eller kollegaar, organisera dokument, lytta til musikk, sjå videoar eller utfalda deg kreativt. KDE har i fellesskap laga meir enn 200 program som kan køyrast på alle Linux-system – og ofte på andre operativsystem òg.
Krita
Utfald deg kreativt og lag vakker kunst med Krita, eit teikne- og måleprogram av profesjonell kvalitet.
Kdenlive
Med Kdenlive kan du redigera eigne videoar – med spesialeffektar og flotte biletovergangar.
Kdevelop
KDevelop er eit utviklingsmiljø for C, C++, Python, QML/JavaScript og PHP, og fungerer på fleire plattformer.
Maskiner
Kjøp ei maskin med Plasma ferdiginstallert
Steam Deck
Steam Deck er ein portabel konsoll som køyrer dei siste AAA-spela med same fleksibiltet som ein komplett PC.
Pinebook Pro
Pinebook Pro er ei rimeleg ARM-basert berbar maskin. Ho er modulær og tilpassbar slik berre eit prosjekt med utspring i fri programvare kan vera.
KDE Slimbook
Slimbook er ei elegant og tynn berbar maskin som taklar alle oppgåver, takka vera den kraftige AMD Ryzen-prosessoren.
KFocus
Kubuntu Focus er ei kraftig berbar maskin, optimert for vanlege brukarar og med Kubuntu ferdiginstallert.
Andre maskinvareprodusentar sel òg einingar med Plasma på. Sjå all einingane.
Kunngjeringar
KDE Plasma 6.2.3, feilrettingsutgåve for november
KDE gjev i dag ut ei feilrettingsoppdatering til KDE Plasma 6. Les meir
KDE Plasma 6.2.2, feilrettingsutgåve for oktober
KDE gjev i dag ut ei feilrettingsoppdatering til KDE Plasma 6. Les meir
KDE Eco
Delta i utviklinga av berekraftig programvare
All programvare medfører bruk av energi og andre ressursar. Men KDE har som mål å laga program som har mindre negativ påverknad på miljøet.
La oss gjera det slik at utvikling av energieffektiv og berekraftig programvare inngår i arbeidet vårt. Me kan leva opp til ansvaret me har for denne og kommande generasjonar!
KDE Eco-handboka
Handboka «Applying The Blue Angel Criteria To Free Software» gjev oversikt over kva negativ miljøpåverknad programvare har samt informasjon om korleis miljømerket «Den blå engelen» («Der Blaue Engel») – det offisielle, statlege miljømerket i Tyskland – set standard for utforming av berekraftig programvare. Lær om korleis fri programvare sine verdiar transparens og brukarautonomi fostrar berekraft, og om korleis du kan byggja ein lab for måla energibruken til programvare.
KDE-fellesskapet
Eit internasjonalt fellesskap som utviklar og distribuerer fri programvare.
Me har utvikla ei lang rekkje program for kommunikasjon, arbeid, læring og underhaldning. Me fokuserer på nyskapande løysingar på både gamle og nye problem, og me ønskjer å skapa eit levande og ope miljø for eksperimentering.